Publisert av:
31/5/2010 19:53
Uavgjort mot botnlaget
Njardar låg under 0-1 til pause. – Det var ein elendig 1.omgong av oss, fortel trenar Kjartan Hagen til Tysnesingen. – Her trudde ein tydelegvis at ein kunne spasera seg til siger, sjølv om me snakka om ikkje å undervurdera dei på førehand.
Men 2.omgongen var god og det var spel mot eitt mål. – Men ein uheldig kontring øydela for oss og dermed vart det berre eit poeng, seier Hagen.
Roy Inge Korsnes og Vidar Storesætre scora Njardar sine mål.