Uavgjort i by’n

Publisert av:
6/9/2011 19:44

Njardar møtte tabellnabo Djerv til dyst på Møhlenpris søndag ettermiddag. Det vart ein målrik kamp.

Nils Eivind Hansen noterte seg for dei to fyrste måla til tysnesingane. Han fekk stå umarkert på to dødballar og hadde få problem med å netta. Det tredje kom også etter ein dødball. Ballen gjekk ut i returrommet som Aksel Lande plukka opp. Ungguten drog ein skotfinte, før han plasserte ballen i mål

Etter 3-3 til pause gjekk Njardar opp til 4-3 etter sjølvmål. Kvarteret før slutt utlikna Djerv og det ebba ut med poengdeling. Litt surt for Njardar, men truleg greit nok resultat då det var likt med målsjansar for begge lag.

Søndag spelte også damelaget i by’n. Dei slo Løv-ham 8-2. Tysdag kveld var jentelaget i aksjon heime på Vassbakken mot Apollo og det vart storsiger 12-0. Jenter 11 tapte 0-2 for Lysekloster tysdag.