Publisert av:
14/8/2010 13:38
Uavgjort for a-laget
Njardar tok i mot Søfteland på Reiso graset i går kveld.
Heimelaget tok ei tidleg leiing ved debutant Kristoffer Lie Hansen. Søfteland kom tilbake og hadde ein god periode og gjekk opp i leiing, før Torbjørn Onarheim scora på straffe for Njardar.
I 2.omgong gjekk gjestane opp i 3-2 leiing, men mot slutten av kampen utlikna Eivind Skorpen med ei kanon frå frispark og dermed vart det poengdeling.
Desse var med: Kjartan Hagen, Terje Vevatne, Eivind Skorpen, Knut Sigve Gjerstad, Fredrik Hansen, Thomas Hagen, Torbjørn Onarheim, Roy Inge Korsnes, Nils Eivind Hansen, Kristoffer Lie Hansen, Henry Instøy, Daniell Hauge Hansen, Endre Vermedal.