Tysnesing er Hordalands 4. sterkaste mann!

Publisert av:
15/9/2013 04:54

Fleire hundre tilskodarar hadde møtt opp for å sjå konkurransen på Midttun.

Årets øvelsar var:

1. Truck Pull, trekke 12 tonn lastebil i oppoverbakke.
2. Bilmark, Løfte ein pickup på 2 tonn, som utgjer 340kg i håndtaket.
3. Stokkpress, ein stor metallstokk på 110kg skal vendas og pressast over hovudet så mange repitisjonar som mulig.
4. Conanswheel, ei stor metallstang med 360kg på skal man gå i sirkel med, så mange rundar som moglegt.
5. Atlas steiner: Ulike steinar skal løftas på ulike høgder, 120kg, 130kg, 140kg, 160kg og til slutt 180kg.

Marius Teigland var oppe på andreplass heilt til siste øvelsen. Han endte opp på ein sterk fjerdeplass, med like mange poeng som 5- og 6. plassen, men slo dei på bedre plasseringar i enkeltøvelsar. Han gjekk med dette opp fire plassar frå 8. plassen han fekk i fjor.

Meir om dette, og video frå konkurransen kan du sjå på ba.no sine nettsider, eller ved å trykkja her.