Tysneshallen 10 år
5/8/2014 08:21
Tysneshallen vart offisielt opna med eit arrangement der bl. a. fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg var med. I programmet som vart gjeve ut i samband med opninga, skreiv styret at Tysneshallen ville vera ei vellukka satsing dersom hallen vart fylt med aktivitet av ulik slag. No ti år etter meiner styret i hallen at aktiviteten viser at me oppnådde det me ønskte med Tysneshallen. På kveldstid har hallen frå september til mai vore nytta godt 25 timar i veka. Handballen har naturleg nok hatt flest timar, men også fotball, volleyball, innebandy, aerobics har hatt faste treningstimar i hallen.
Seniordansen har samlingar kvar onsdag slik at alle generasjonar har funne sin plass i Tysneshallen. Det var også eit viktig mål for styret. På dagtid er det Tysnes skule som har nytta hallen til kroppsøving og andre tiltak. I møterommet finn også undervisning av framandspråklege stad.
Med Tysneshallen fekk også Tysnes Folkebibliotek sine eigne lokale. Dette var kjærkome både for Knut og brukarane av biblioteket. I tillegg har Tysnes Musikklag arrangert årlege dansegalla til glede for mange, og dei slår til igjen no 16. august. Det har vore messer av ulik skal i tillegg til konsertar og andre arrangement.
I bowlingrommet har me hatt seriespel no i fleire år, og her har aktiviteten auka. I førre sesong var det 26 lag med i serien, og me håpar på det same i neste sesong. Likevel er det god plass til andre som vil spela bowling, og her kunne me gjerne sett fleire. Styrkerommet er litt vanskeleg å administrera, så her er styret på leit etter korleis det skal verta i framtida. Styret synest det er naturleg at me markerer 10år jubileet. Me ventar til laga har begynt aktivitetane, og markeringa vert difor søndag 7. september. Då vil det vera litt organiserte aktivitetar, men også gratis bowling og klatring for dei unge som ønskjer det. Styret vil også invitera gjester til ei offisiell markering på slutten av dagen. Styret kjem tilbake med meir info når dagen nærmar seg.
Tekst: Helge Hauge