Publisert av:
12/7/2013 16:40
Tysnesfest´ sterkaste!
Fire sterke Tysnesingar hadde også kvalifisert seg til første finalerunde og gjorde ein god innsats.
Første øvinga gjekk ut på å løfta eit tungt stålrøyr flest repetisjonar over hovudet i løpet av 60 sekund.
Dei 6 beste gjekk vidare til runde to, her var det om å løfta Tysnesfest sin bil flest gongar opp frå bakken. Rune Dalseid med 19 repetisjonar og Helge Litun med 22 repetisjonar vart dei to beste. Dei møttest i finalen som vart avgjort med handbak. Her var Rune Dalseid den sterakste og dermed vinnaren av heider og ære!!
[bilder]