Publisert av:
2/6/2011 10:29
Tysnesfest på Vårmønstring
Det er Kristi Himmelfartsdag og som vanleg inviterer Motorklubben i Bergen til Vårmønstring på parkeringsplassen på Lagunen.
Bilane du ser på dette treffet er open for “alle” køyrety som ein vanlegvis ikkje ser på Lagunen sin parkeringsplass. Vårmønstringa er frå klokka 10 til 15 i dag.
Det er Magnus Inge Helland som er på treffet og har sendt inn bilete av Tysnesfest-plakaten som prydar frontruta på eine utstillingsbilen.