Tysnesfest låtskrivarkurs 2011
5/5/2011 06:30
Målet for kurset er at deltakarane skal utvikle og lage ein låt basert på eigne idear. Kvar einskild deltakar får hjelp til å ta tak i, ordne og utforme sin idé, og til å lage sin eigen låt. Kurset leiar over i rockeseminaret, og minst ein av låtane som blir til på kurset skal framførast på avslutningskonserten. Kanskje det blir din?
Metoden i kurset er basert på dialog, utstrekt bruk av eksempel og prinsippet om ”å læra ved å gjera”. Ulike sider ved låtskriving blir teken opp i fellesskap og illustrert med eksempel frå ulike populærmusikalske sjangrar og instruktørane sine eigne erfaringar. Komposisjon, tekstproduksjon og knep i låtskriving blir demonstrert i praksis, og deltakarane blir undervist gjennom enkle øvingar. Alle får eit eige hefte med eksempel og ressursar som dei kan nytte i kurset og etterpå.
Det er fint om du spelar eit instrument, har skribleri liggjande i skuffa eller opptak av idear til låtar, men det einaste du treng for å melde deg på, ung eller gamal, er lysta til å lage låtar. Her må du med andre ord vere motivert for å lage låtar og ha lyst til å få innsikt i låtskrivingas løyndommar!
Ansvarlege for kurset er Ingmar Meland og Bernhard Auran, som vil stå for undervisinga og fylgje opp deltakarane i samarbeid med instruktørane på rockeseminaret.
TysnesFest Rockseminar 2011
Eit samspelseminar for ungdom i alle aldrar,- med rocka rettleiing av engasjerte og erfarne musikarar
”Do you wanna ROCK??”
Tysnesfest inviterar også i år alle musikkinteresserte ungdomar til pop&rock-seminar 05.-08. Juli, med konsertframføring på stor utescene som avslutning. Kompetente instruktørar vil stå for kvalifisert og inspirerande rettleiing i samspel og instrumentundervisning, og det vil verta mange gode ”tips og triks” å henta for dei som melder seg på! Etter 4 dagar (omkring 20 timar) med kontinuerlege bandøvingar og gruppetimar, vil dei samansette rockebanda halda festkonsert på utescena i Våge til glede for alle interesserte. Fredag 8 juli kl 15:00