Tysnesfest
30/4/2015 06:05
Tysnesfest sitt eige «kulturhus», Bermudateltet, har som tidligare år mange ting på programmet.
Teltet fortsetter i same stil som før, med eit program som passar folk i alle aldrar.
Ein kan som vanleg ta turen innom for å få seg litt frukost, men Bermudateltet byr også på andre arrangement.
Ausedansen for tredje år på rad
Dei blir ikkje lei Tysnesfest, og me blir aldri lei dei heller. Ausekarane “ausar” seg til Bermudateltet nok ein gong, for å servere god musikk på ein ellevill måte.
Har du ikkje fått dei me deg før, eller er stor fan, bør du gripa sjansen på årets Tysnesfest.

«Går det så går det»
Cowboyen frå Hardanger kjem attende. Du har nok sett han på TV2 med ein sigarett i gapet, og dynamitt i nevane.
Leif Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, kjem med sitt orkester og spelar opp i Bermudateltet.
Lothepus var i fjor ute med sitt andre album, Cowboyhjarta. I år kjem han attende til Tysnesfest for å skapa ein herleg cowboystemning.
Vin & Vinyl med Ralph Myerz
Ralph Myerz kjem til Tysnesfest, og vil i år presentera to av sine interesser med arrangementet «Vin & Vinyl med Ralph Myerz». Musikkprodusenten og artisten har gjeve ut 6 album, og seld 400 000 album verda over. Han er kanskje mest kjend for oss i bandet Ralph Myerz and the Jack Herren Band. I dette arrangementet skal han presentera vin som han sjølv har laga, samtidig som han presenterer sine favoritt vinyl-plater, for å laga ei herlig avslappa stemning i Bermudateltet. Er ein ute etter eit roleg og avslappande arrangement for å ta ein liten pause frå det stressande festivallivet, er dette noko for deg.
Spørjetevling – i eit rolig tempo
Programleiarane på Tysnesfest presenterer i år Spørjetevling i teltet.
I ein time tar årets programleiarar dykk gjennom ein Quiz i ein heilt rolig omgjevnad.
Ta med dykk familie og vener, og delta på spørjetevling.
Premien er helikoptertur over Tysnes, og ein rundtur på Tysnesfest sitt «backstage»-område laurdag kveld.
God Morgon Tysnesfest
God Morgon Tysnesfest er dei siste åra blitt eit fast innslag på Tysnesfest.
I år er det tilbake med nye fakta, problemstillingar, løysingar og nye forsøk på «kunstnarisk» lyrikk.
I år får God Morgon Tysnesfest besøk av fleire store namn.

Hans-Wilhelm Steinfeld
Torsdag kjem NRK sin tidligare Russland-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld. Journalisten, historikaren og forfattaren gjestar God Morgon Tysnesfest, før han held føredrag for frukostgjestane.

Oddgeir Bruaset
Den siste episoden av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» vart send i 2014.
Skaparen av serien, Oddgeir Bruaset, kjem til oss for å fortelja om serien.
Etter frukostshowet held han føredraget «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Etter foredraget går turen vidare med buss til «Uren Luren», der Oddgeir er med på.
Lothepus
Laurdags morgon kjem entreprenøren, pop-stjerna og televisjon-kjendis, Leif Einar Lothe, på besøk hos oss. Han kjem innom for å snakka laust og fast om det han held på med for tida.
Dette blir eit rolig og avslappa intervju, med eit av dei mest kjende ansikta i Noreg for tida.
Artisten, sikkerheitsvakta og den frivillige
På Søndagen får me besøk av tre gjester. Me får besøk av ein artist i frå festivalen, som skal snakka om korleis han opplevd Tysnesfest.
Tryggleikssjef kjem innom for å fortella meir om korleis det er å ha hovudansvaret for folk sin tryggleik på festivalen.
Og me får besøk av ein frivillig, som skal fortella korleis det er å vere frivillig på festivalen.
