Tysnesfest!

Publisert av:
8/5/2013 07:09

 

Det er duka for mange åttitallsminne når Samantha Fox inntar scenen under årets festival! Men det er ikkje berre gamle minne ho tar med seg til Tysnesfest. Til sommaren slepp ho ny singel!

Samantha Fox blei fyrst kjent som «glamourmodell» då ho 16 år gammal debuterte som «side 3-piken» i den engelske avisa The Sun i 1983. Då ho var 20 år i 1986 valde ho derimot å satse på ein karriere innan musikk,  og det skulle verkeleg visa seg å lønne seg. Ho gav ut plata «Touch Me», og singelen med same namn gjekk til topps i 17 land. Sidan da har ho gitt ut seks studioalbum og tre samleplater, der den siste, «Angel with an attitude» kom i 2005. Ho har selt over 30 millionar i løp av sin karriere, og til sommaren kjem det ein ny singel som er fyrste smakebit på hennar neste plate.

Samantha Fox kjem nok til å overraske veldig mange når ho står på scenen til sommaren. Ikkje bare har ho ein bråte med hits med seg i bagasjen, men også eit nimann sterkt band som kjem til å lage ganske så bra liv på Gjerstad Arena!

Bergensbandet Razika har hatt 2 fantastiske år sidan utgjevnaden av debutplata “Program 91” i 2011. Bandet består av Marie Amdam (vokal og gitar), Marie Moe (bass), Maria Råkil (gitar) og Embla Karidotter (trommer), alle årgang 1991, og dei speler heftig og energisk ska-pop-rock.
Det Spellemann-nominerte debutalbumet «Program 91» fekk fenomenale kritikkar verda over, blant anna i New York Times, NME, Village Voice, Uncut Magazine og Pitchfork. Dette til tross for at halvparten av låtane hadde norsk tekst. Bandet turnerte, utanom i Norge, i store deler av Europa, spelte 7 show på SXSW i Austin, Texas og hadde eigen headlinetour i Japan.
No er jentene frå Bergen klare med sitt 2. album som var sluppen 25. januar 2013 i Norge. Resten av verden følgjer våren 2013. Fyrste single «Oslo» ble sloppe 9. november og gjekk rett inn på A-lista til P3 og tok ein 3. plass på VG si kåring «Årets beste låter».
Like oppløftande som deira opptempo ska- og rockerytmer, er bandets klare og tydelege stemme. Heldigvis veit dei å formidle både politikk, meiningar og dyrekjøpte erfaringar med rett schwung og sjarm. På “Vondt i hjertet” sa dei det heilt liketil, om hjerte og smerte, i ein av dei siste åras beste popsinglar på norsk. Og på “Oslo” seier dei det slik mange av oss føler det, alle me som ikkje har budd i hovudstaden heile livet. Låta om hovudstaden bana vei for ein suksess av ei plate i år. Albumet «På vei hjem» styrka deira plass som eit av dei beste, nye banda i Norge – og igjen var det eit av namna flest ville få med seg på årets by:Larm.
Tysnesfest veit at Razika er noko heilt for seg sjølv, og me glede oss til dei trekk oss opp i godstemning, melankoli og herleg gitarpopska.
Ida Jenshus til Tysnesfest!
Fredag 5.oktober 2012 blei Ida Jenshus sitt tredje album sloppe. “Someone To Love” fikk eineståande mottaking. Det fekk terningkast 6 i Aftenposten, og terningkast 5 i alle landets største aviser, og med dette albumet vann Ida i mars sin tredje Spellemannpris! Ida er faktisk historisk, som den fyrste soloartisten som vinn Spellemann for alle sine tre fyrste album. Ho tilhøyrer dermed ein eksklusiv klubb som frå før bare teller Dumdum Boys, som oppnådde det same for over 20 år sidan!
“Ida Jenshus stadfester sitt totale musikalske mesterskap. Hun har gjennomgått en formidabel modningsprosess. Hennes to første plater er blant det ypperste innen norsk country, men denne nye samlingen viser at hun har vokst seg ut av sjangerens begrensninger. Hun kan sammenlignes med de største.” – Svein Andersen, Aftenposten
Dette er karrierealbumet til Ida Jenshus. Frå å bli omtalt som ei countrydronning er ho no klar til å ta skrittet til å bli rockens fyrstedame, med eit album der hun tar musikken sin vidare. Albumet er produsert av Kaare Christoffer Vestrheim og utstrakt bruk av elektriske gitarar og tangentar, og store, opne lydlandskap er stikkord som kan brukast for å skildre det nye albumet. Samstundes er låtmaterialet meir modent og reflektert. Både tittellåta “Someone To Love” og den fengande “If Today Was Off My Mind” har fått tung rotasjon på radio, og sørgja for at Ida Jenshus har satt sin posisjon som ein artist me kan rekna med i lang tid framover!
Ida har så vidt fylt 25 år, men har allereie nådd å vinne tre Spellemannprisar, selt to gullplater, og i fjor blei ho også heidra med Bendiksenprisen, som er artistane sin eigen pris.