
Karpe Diem
Me har høyrt på publikummet vårt, og me kan endelig fortelja at dei kjem tilbake!
Karpe Diem, eit av Norges beste liveband som skapte magi på Gjerstad i 2014, har sagt ja til å komma til Tysnes igjen!
Det har skjedd mykje rundt Karpe Diem den siste tida. Fredag 6. november slapp dei tre låter, og dei er streama utrulege 8 millionar gonger berre på Spotify sidan den dagen.
Karpe Diem er kjende for å skriva tekstane sine om politiske og samfunnskritiske tema, og dei nye låtane er ingen unntak. «Det er så lett å være rebell i kjellerleiligheten din», «Hvite menn som pusher 50» og «Au Pair» er dei første bitane i prosjektet «Heisann Montebello» og har blitt rosa opp i skyene blant anmeldarane.
«Teksten? Den er litteratur.»– VG, terningkast 6
«Sjelden har jeg opplevd et mer treffende musikkverk enn dette.» – Dagsavisen, terningkast 6
«Norges viktigste band.» – Adresseavisen, terningkast 6
«Karpe Diem spiller de sterke kortene de har fått utdelt. Enten det er i form av øredøvende rapanthems eller bevisstgjøring av forutinntatthet og fordommer pakket inn i fete poplåter.» – NRK P3, terningkast 5
«Det er liten tvil om at Karpe Diem denne gangen har planer om å levere et minneverdig livsverk.» – Dagbladet, terningkast 5
Bernhoft & The Fashion Bruises
Jarle Bernhoft tek med seg eit stjernelag av norske musikarar når han entrar scena på Tysnesfest.
Bernhoft er ein av dei verkeleg store artistane me har i Norge, og har vore igjennom ei utruleg forvandling sidan han for alvor slo igjennom som soloartist. Han har vunne fleire Spellemannsprisar, og har også vore Grammy-nominert. Bernhoft er for tida aktuell med plata «Islander», og slapp for kort tid sidan låten «Everyone`s a Stranger» som han skreiv til NRK sin dugnadskonsert for Syriaflyktningar.
Musikkstilen til Bernhoft er ein herleg miks av retro-soul og funk iblanda ein god dose med pop.
Alphaville
“Forever young, I want to be forever young. Do you really want to live forever? Forever, and ever!”
«Alle» har vel eit forhold til låtar som «Forever Young» og «Big in Japan». Neste sommar kjem gruppa bak monsterhitsa til Tysnesfest!
Retromusikk er veldig «in» for tida, og me er sikre på at Alphaville vert godt tekne imot av publikummet på Tysnesfest.
Her må ein smørja stemmebanda for allsangfaktoren kjem til å bli høg!

Sondre Justad
Kritikerroste Sondre Justad er bekrefta til Tysnesfest 2016! Dette er ein av våre størst popkometar, og me er veldig glade for at han tek turen til festivalen vår.
Justad har på kort tid gått frå å vera nesten ukjend i popnorge til å verta ein av dei mest spelte artistane på radio. Sommaren 2014 slapp han låten “Nu har du mæ”, og sidan har det berre gått slag i slag. Han har også slept låtane “Det e over”, “Tilbake” og «Riv i hjertet», og slår verkeleg an blant publikum.
Lofotværingen har verkeleg satt sine spor på norske konsertscenar, og legg ut på ein omfattande turnè neste år. Hans konsertar er ofte utseld lang tid i forvegen, blant anna Rockefeller no i desember.
Dagsavisen seier fylgjande om han:
«Dialekten hans passer glimrende til popmusikk. Nordlendinger har en slags melodisk kvalitet i stemmen – litt som svenskene. Sondre Justad er, som en kjenner sa, en visesanger som lager popmusikk.» og dei gav han terningkast 5 på den nye plata «Riv i hjertet»

Sigrid Moldestad
Ein skal leita lenge for å finna ei dame som kan laga meir magisk musikk enn Sigrid Moldestad. Me er svært heldige som har fått ho til å spela i Onarheim Kyrkje søndag 10. juli 2016!
Moldestad er eit av dei største navna me har innan norsk folkemusikk. Ho er ein stolt ivaretakar av sjangeren, men er ikkje redd for å spe på med litt moderne innovasjon og humor i musikken sin.
Ho har vunne spellemannsprisen med plata Taus i 2007, og har fått mange andre prisar opp igjennom åra. Hennar album «Brevet til Kjærleiken» vart i 2014 vinnar av «årets album» av Norsk på Norsk på NRK P1
Her er noko av det OsloBy seier om albumet:
«En mestermusiker møter en trassig diktersjel som kjenner kjærlighetens sårbare irrganger. Brevet til kjærleiken befester hennes mesterskap. Hun har en egen evne til å finne de rette tonene i formidlingen av dens gåtefullhet og makt på oss mennesker» Terningkast 5