Tysnesfest 2010 lader opp til programslepp
15/4/2010 06:40
Til marknads dag underholdning har me fått Venke Knudson og Bjørn Johan Muri. Dagsaktuelle artister så det held.
Nils Petter Skjervheim og Jostein Henanger frå Tysnes er med i eit band med namn Kraken. Dei har i fleire år ønska seg ein Hard rock kveld i Vonheim. Me har latt ønske deira gå i oppfylling i år. Og det bli arrangert ein ”Hard Kveld” Vonheim som ein motpol til det som føregår på hovud arenaen på Gjerstad.
Med seg har dei to andre Band. Bon Shoth som er eit AC/DC coverband og Arms of Atlas som er eit tributeband til Led Zepplin. På denne måten ønsker Tysnesfest verkeleg å vise at dei satser på heile bredda i publikummet.
Vonheim får og besøk av ein av Bergens beste dj’er. Navnet er Frank Xerox. Og pga han tilknytting med hytte på Tysnes så var han ikkje vond å be…
Reflektor, Gløym gangsta rap! Gløym bling, bling…Dette er noko heilt anna…Dette er HARDINGRAP! Me klarte ikkje la ver å booka dette, då forvetenskapen tok overhand. Gle deg til ein spesiell opptreden.
Borgarting ImprovisasjonsSelskab
Improvisasjonsteater er, for dei som ikkje kjenner til begrepet, teater uten manus -– altså improvisert teater. Ein kjenner kanskje til namn som teatersport, micetro eller løvebakken, alle forestillingar under improvisasjonsteaterets skule. Vi kan garantere stor underholdning og djup latter, eit perfekt pust i bakken! Borgarting ImprovisasjonsSelskab vil vera med på å skape stemning i gatene og elles opptre på plassar du ikkje hadde forventa under Tysnesfest 2010
Sjå elles http://www.borgarting.com/Velkommen.html for meir info.
Tandemturar med paraglider
Erfarne pilotar frå Hardanger paragliderklubb kjem i år, som i fjor, til Tysnes, og ynskjer å gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. Er du eventyrlysten og klar for ein luftig tur, er dette noko for deg!
Turen kostar 1500 kr per person. For påmelding og/eller eventuelle spørsmål, ta kontakt med Robert Rykkje på tlf. : 47409524. Tandemturane vil foregå frå 9.- 11. juli
I år igjen får me besøk av Cirkus Helax. Dei gjorde ein utruleg opptrenden under Tysnefest 2009.
http://www.circushelax.com/
Billetter til alle hovud arrangement utenom torsdags kveld vil komma for sal 17 april.
Me jobber for fulle maskiner med hovudnamnet torsdag., og vil så snart dette er på på plass presentera eit fullstendig program. Det er enda mykje å sjå fram til…….;)