Publisert av: Martha Nygård Lande
17/10/2019 09:36
Tysnes symjeklubb og Båtlaget Njord/Tysnes slår seg saman
Søndag 13. oktober var det omframt årsmøte i Båtlaget Njord/Tysnes, der det skulle avgjerast om Båtlaget skulle slå seg saman med Tysnes Symjeklubb.
På årsmøte vart det vedteke at Båtlaget skal slå seg saman med Tysnes Symjeklubb frå 2020. Symjeklubben har frå før av årsmøtevedtak på samanslåinga og no er det altså endeleg avklart frå Båtlaget si side. Begge styra vil jobba med det praktiske rundt samanslåinga fram mot årsskiftet.