Tysnes Sparebank med historisk godt resultat

Publisert av:
4/3/2016 10:59

Det beste resultatet i bankens 153 årige historie
Banksjef Dag Sandstå kan vise til stor aktivitet og imponerande resultat i 2015.

Tysnes sparebank la fram årsrekneskapen for 2015 torsdag 3. mars 2016 og kunne visa til ein flott vekst. Resultatet for 2015 var på 12,7 mill. kroner før skatt mot 9,5 mill. kroner før skatt i 2014.

Stor aktivitet i 2015
Banken har i løpet av fjoråret hatt ein vekst på heile 30%. I hovudsak er veksten ein fylgje av stor tilstrøyming av nye personkundar. Men også mange bedriftskundar har flytta bankbruken sin til Tysnes Sparebank seier Sandstå.

I løpet av 2015 har banken etablert 2 nye salskontor, og fleire er under planlegging. Banken fekk 200 nye eigarar i 2015 som investerte til saman 35 millionar kroner i banken. Denne kapitalen var nødvendig for å kunna veksa. Dei nye investorane får om lag 8% p.a. rente i avkastning på sin kapital. Utbyte per eigenkapitalbevis vert 5,36.

Nye kontor på Husnes og Lagunen er ein suksess
Dei nye kontora som vart etablert i 2015 syner ei god utvikling. Kontoret på Husnes ligg godt føre den planlagde veksten. Kontoret på Lagunen syner også stor vekst etter kun nokre månader i drift.
Banken vart kåra til den mest framgangsrike banken i Eika Alliansen i 2015
(i konkurranse med 74 andre bankar).

Planlegg vekst i åra som kjem
Banken varslar at den har planar om å fortsetje veksten i åra som kjem. Det er planlagt eit nytt kontor som skal opna på Stord i løpet av hausten. Nye kontoretableringar vil også fortløpande verta vurdert.