Tysnes Sparebank kjem godt ut

Publisert av:
18/1/2013 08:19

I går presenterte Norges Bank utlånsundersøkinga dei har foreteke for 4. kvartal i 2012.

Den viser at bankane sine utlånsmarginar auka på slutten av fjoråret. Dette på grunn av gunstigare innlånskostnader for bankane samtidig som utlånsrentene har vore om lag uendra over lengre tid.

Norges Bank peikar i rapporten på at denne auken på utlånsmargin ikkje var forventa.

“Dine Penger” har satt opp ein oversikt over bankane med beste og dårlegaste betingelsar. Med utgangspunkt i eit lån over 20 år på 1 million, innanfor maks 75% sikkerhet.
Her kjem Tysnes Sparebank på ein delt 3. plass på landsbasis over dei beste bankane.
“Dine Pengers” oversikt viser at det no skil rundt eit halvt prosentpoeng mellom dei beste bankane og «storbankane».