Tysnes Kraftlag med spennande satsing på vindkraft

Publisert av:
1/4/2013 05:48

 

Dagleg leiar Steinar Austefjord fortel til Tysnesingen.no at Tysnes Kraftlag i lang tid har undersøkt ulike alternativ for eit vindkraftprosjekt på Tysnes. 

Me har jobba med vindkraftprosjekt i kanskje vel så lang tid som Fitjar kraftlag, men me har halde korta tett inntil no når me nærmar oss ei gjennomføring.

Dette vert eit mykje mindre prosjekt enn det me ser på Fitjar, Kraftlaget tenkjer i første omgang på ein 4 – 5 vindmøller på Teiglandsfjellet. 

Tysnes Kraftlag har oppretta eit eige selskap, Tysnes- Vind, som står ansvarleg for gjennomføring og drift.

Dei som ynskjer å teikne andelar i selskapet, eller har merknadar til prosjektet  vil få tilsendt prospekt med fullstendig informasjon ved å sende namn og adresse til tysnesvind@gmail.com.

Det er enda ein del brikkar som må på plass før endeleg arbeid kan starta opp, avsluttar Steinar Austefjord.