Tysnes Komlelag avslutta vårsesongen
9/4/2025 08:54
Tysnes Komlelag avslutta vårsesongen torsdag 3. april med 72 påmelde !!
I retningslinjene til komlelaget, står det at det vert arrangert medlemsmøte i alle månadane med r. Mai, juni, juli og august, vert det då ikkje slike samlingar.
Eg vil takka alle som har vore med, både styre, komleguvernørar, og andre aktive medspelarar. Mandelhuset sine kokkar fortener og ei stor takk, for fantastiske komler, med tilbehør.
Då er det for meg berre å ynskja vel møtt til neste medlemsmøte torsdag 4. september.
PS !! Styret ynskjer å arrangera medlemstur til Arboretet 9. juni (2. pinsedag), med påfylgjande komlemiddag på Øvreeide Gard. Dette vert annonsert, med påmelding når det nærmar seg.
Bilete frå ei utflukt komlelaget hadde til Laukahamar fritid.
Helge Olav Instøy (Komlepresident)