Illustrasjonsbilete

Tysnes kjøper Hordfast-aksjar

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/10/2020 14:37

Formannskapet har vedtatt å nytta forkjøpsretten på Hordfast-aksjar.

NRK melder på sine nettsider i dag at formannskapet i Tysnes kommune vil nytta forkjøpsretten på tre av fem aksjar i Hordfast AS, som Bjørnafjorden kommune vil selga. Dersom Stord kommunestyre ikkje vil kjøpa resten av aksjane, vil Tysnes kjøpe dei også.

Naturvernforbundet har og ynskja å kjøpe dei 5 aksjane som Bjørnafjorden kommune sel. I dag skal Stord kommunestyre avgjera om dei skal kjøpa dei andre aksjane.