Tysnes J10 klarte det igjen

Publisert av:
17/3/2009 19:05

Då var dei på Fitjar og spelte 2 kampar. Fyrste kampen var mot Kvinnherad 2,
der dei enkelt vant 17-5.

Neste kamp var berre ein halvtime etterpå, og med kun ein reserve, og det tempoet desse jentene held i kvar kamp, så fekk dei det tøft i kampen mot Stord.

Til pause leda dei 8-5, men fekk tydlegvis ikkje nok kviletid i pausen. For det fekk Stord, som raskt gjekk opp til 8-8. Derifrå og heilt til det gjenstod 5 min, fylgte dei kvarandre. Men då var nokre av jentene så trøtte at dei klarte rett og slett ikkje meir, og når det i tillegg var Stord som tok ledelsen med 2 mål kun minuttar før slutt, vart det litt panikk i laget.

Skulle dei gå på sitt fyrste tap?? Men jammen klarte dei å henta ut dei siste kreftene sine, sånn at sluttresultatet vart 13-13. Kjempespennande kamp vart det i alle fall for oss som såg på :-)

Scoringslista: Den vart så full at det gjekk heilt i surr for oss. Men nesten heile laget scora!!!

Dette var sesongens siste kamp. No skal jentene lada & trena seg opp til dei skal på Vossecupen helga etter påske

Bildene er tatt av Tobben