Tysnes husflidslag satsar på barn og unge
26/8/2018 12:16
I haust set husflidslaget fokus på utvikling av barn og unge sine kreative evner. For 1-4-klassinger har me tilbod om malekurs der me har fått med oss Rose Utne som inspirator og kursleiar. Ho skal leia deltakarane gjennom spennande teknikker som resulterer i dei finaste kunstverk. Kursstart 4. September kl 18-20. Deretter annakvar tysdag , i alt 4 gonger. Pris kr. 400 (kr. 250 for medlemer) inkl. Materialer
For barn frå 4. Klasse blir det ung husflid der me skal spikka i rått materiale, me skal jobba med gjenbruk og eige design og bruka symaskin. Kursstart 6. September kl 18-20, i alt 6 gonger. Pris kr. 350 (kr. 200 for medlemer) inkl. Materialer
For ungdom frå 8.klasse blir det tilbod om kurs i perling av brystduk og/eller belte på stramei. Kursstart medio november, og kurset vil gå til ferdig arbeid. Pris kr. 200 ( gratis for medlemer) ekskl. Materialer
NB. aldersgrensene er elastiske. Ta kontak for info og påmelding til Helga Aslaksen, tlf 93024676 eller helga.irene.aslaksen@haugnett.no innan 29. August.
Me håpar DU har lyst til å bli med oss på kjekke kveldar i husflidstova!
Tekst og foto; Helga Aslaksen