Tysnes Høgre

Publisert av:
22/8/2015 14:10

Tysnes Høgre vil oppfordre til at veljarane slepp til ungdommen på Tysnes, og at ein slepp til ungdommelig pågangsmot og kreativitet som er med å påverke lokalsamfunnet på ein måte som ungdommen kan identifisere seg med, og ha eit så stort eigarskap til at dei blir her og bygger samfunnet vidare.

 

Me ynskjer at fleire av våre ungdommar skal koma attende til Tysnes etter fullført utdanning for å etablere seg i heimkommunen.

Me vonar det igjen vil skape naudsynt vekst slik at dei tenestetilbod me ynskjer å ha i nærleiken består, eller utviklast vidare, både offentlige og private.

 

 

Stem på Tysnes Høgre og bidra til at Kåre Martin Kleppe blir vår neste ordførar.

 

Ein ordførar som tar til orde for løysingar som ikkje pålegg Tysnesingane meir eigedomskatt.