Publisert av:
9/7/2011 14:45
Tysnes Grand Prix 2011
Kassabilløpet på marknadsdagen under Tysnesfest er noko av det publikum likar aller best. Trass i at véret var så som så med nedbør, møtte folk opp i hopetal for å få med seg årets Tysnes Grand Prix.
Seks bilar var påmeldt. Dei starta eit stykke ovanfor Tysnes Kraftlag, innlagt pitstop ved kraftlaget for å sjekka at bilane hadde bremser, før dei køyrde siste turen ned mot målgong ved banken.
Tysnesfest stillte med storskjerm og som vanleg god kommentering frå Anders og Marcus Dalland gjennom heile løpet. Seinare på dagen vart premiane delt ut til kassabildeltakarane av Stella Mwangi.