Publisert av: Martha Nygård Lande
25/7/2021 09:54
“Tysnes 4 life”
“Tysnessåto opp” for Alexandra.
I går, laurdag 24. juli, hadde Sol Hjertaker utfordra folk til å vera med på “Tysnessåto opp” til inntekt for kreftsjuke Alexandra.
Mange har funne på både da eina og da hitt, både auksjoner og anna, i god, gavmild Tysnes stil. Alt i frå grus til gull, for å støtta Alexandra sin kamp mot kreften.
Sol utfordra folket til å springa opp til Såto frå Myrdal. “Kven klarar å slå meg?” lød utfordringa på.
Fira spreke menn stilte modig til start, og beina oppover urane til Såto.
Sol måtte sjå seg slått av spreke Andreas Langeland, som kom i mål på Tysnes Såto på 27,19 min.
Sol kom i mål som andremann på 28,08 min.
Ruben Kvamsdal kom på tredje.
Antall i konkurranseklassen: 5 stk.
Tekst og bilder: Sol Hjertaker