Tusenvis på konsert

Publisert av:
8/7/2011 23:01

Trass regnvér var skuleplassen på Gjerstad fyllt med konsertglade folk til Tysnesfest. Kor mange tusen det var er ikkje godt å sei, men det må ha vore ny publikumsrekord for konsert under Tysnesfest.

Det store trekkplasteret var TOTO. Dei kom på scena om lag klokka 21.20 og holdt det gåande til litt over klokka 23.00. Dei serverte mellom anna dei store slagarane som “Rosanna” og “Africa” som fekk folket i stemning, og på ekstranummeret kom “Hold the line” til stor jubel blant publikum.

Medan TOTO rigga ned spelte The Lucky Bullets med stor innleving og til publikums applaus. The Lucky Bullets vart nummer tre i årets norske Melodi Grand Prix.

Siste gruppe ut i natt er Ralph Myerz.