Tursti 5690 “Malkenesrunden/Steinåsen”
10/1/2022 21:32
Lundegrend Bygdalag har ei gledelig melding å komme med. No startar prosjektet Tursti 5690 “Malkenesrunden/Steinåsen” opp. Bygdalaget fortel at dei har hatt oppstartsmøter med grunneigarar, og det er no etablert eit prosjektstyre til å driva det dugnadsbaserte arbeidet.
I tillegg til dugnad, er det på plass støtte frå SIM-miljøfond, samt SMIL midlar. Bygdalaget vil også søkja Tysnes Kraftlag AS om støtte til prosjektet.
Prosjektet går på å foreta ein grundig vedlikehaldsrunde på dei to skogavegane som saman utgjer den 4 kilometer lange “Malkenesrunden”. ( Sjå kart i hovudbildet.) I tillegg vil dei betra den eine stien ut til utsiktspunktet på Steinåsen.
-Ein skal kunna gå tørt og trygt heile løypa når me er ferdige, seier Bygdlaget.
Prosjektet vil og laga ein mindre raste-plass ( merka med gult i hovudbildet) for dei som ikkje vil gå så langt. Tre sittebenkar skal på plass.
Det vil etterkvart bli annonsert dugnadsdagar, og Bygdalaget vonar mange vil bidra i prosjektet.