Trivs på Reksteren
13/2/2018 09:37
Kombinerer jobb på dagligvarebutikk med gårdsarbeid
På ein grå og regnfull dag, treff Tysnesingen ei hyggeleg og munter jente ved Bruntveit Daglegvarehandel. Hanne Bruntveit (26) jobbar på nærbutikken på Reksteren, og har det som hovudinntekt. Ved sida har ho fleire interessar, og mest av alt likar ho å jobbe med dyr. Ho har ein lidenskap for gårdsdrift og dei dyra ho eig og stellar med. Hesten «Prinsen» er ein av dei, i tillegg har ho to hundar, ein katt, ein sau, og eit akvarium. Fyrstnemnde er ein tidligare travhest, og apropos akkurat det, har Hanne nyleg begynt å spele på trav. Men ho legg til at innsatsen til no har vore større enn gevinsten.
Hanne vaks opp i ei leilegheit på Danmarksplass i Bergen. Der hadde ho ingen kjæledyr, kun ein trehjulsykkel å leike med. Redninga var då ho i helgane og i feriar fekk kome på besøk til bestefaren sin på Reksteren. Der fekk ho vere med å stelle dei mange stutane som bestefaren hadde på gården sin.
Hanne vurderer å ta førarkort på bil, men har ikkje prioritert dette enda. På spørsmål om ho er nøgd med kollektivtransporten på Reksteren, er svaret nei, det kunne vore betre. Men transport klarer ho alltids å ordne seg, foreldre og gode naboar stillar som oftast opp for å hjelpe til.
Ridebana på Myklestad, skryt ho over. Der foregår det mykje aktivitet både for små og store, i regi av Tysnes Hestesportslag. Eit par gongar i året arrangerast det kurs for dei aller minste, slik at dei får prøvd å ri på hest for fyrste gong.
I helga var ho på hundeutstilling i Etne, der vant hunden hennar Nemi (Cichlas Sintra)fleire premiar, blant anna kan ho skryte over at hunden no berer tittelen Norsk Utstillings Champion.
Foto: Privat
At det går mot lysare tider, er noko Hanne set pris på. Ho seier at om sumaren og særleg i påskeferien, er det stor aktivitet i den vesle nærbutikken på Reksteren. Trass små lokalar, er dei på det meste heile tre stykker som jobbar der.
Andre hobbyar Hanne driv med, er å vere på sjøen og fiske, sitte heime å strikke, og å høyre på musikk. Ho seier også at ho gler seg til å følgje med på OL, og vurderar å sette vekkarklokka på 03.00 om natta for å få med seg dei mest interessante greinene.
Hanne avsluttar den hyggelege praten med å seie at ho trivs på Reksteren, og at ho aldri følar seg einsam, men er lukkeleg saman med alle dei firbeinte venene sine.
Foto: Privat
Her er heimalambet Karl, som Hanne har tatt vare på.
Foto: Privat
Den tidligare travhesten Prinsen i fin positur.
Foto: Privat