Publisert av:
4/9/2009 18:32
Treng du båtplass?
Drivhuset like bak Lunde Senter er i ferd med å tømast og gjerast klar som lagringsplass.
Ein av eigarane av drivhuset, Knut Nesland, seier til Tysnesingen at dei kan ta i mot 10-12 båtar. – Me har alt ein frå Os som vil leiga plass hos oss. Han kjem med båten på hengar og vil setja den i drivhuset slik at den står tørt og godt, seier Nesland.
Vinterlagringa vil kosta 3000 kroner for om lag eit halvt års tid. Opninga for å få båt + hengar inn dørane er breidde 2,3 m og høgde 2,5 m.
Har du anna du ynskjer lagra for vinteren, for eksempel hagemøblar, kan du også leiga lagringsplass til slikt.
Interessert i å leiga plass i drivhuset, då kontaktar du Knut Nesland på telefon 9512 5203.