Trenar 2 kurs

Publisert av:
25/3/2009 22:11

27.-29.mars skal 15 trenarar frå Tysnes IL, Stord IL, Solid, Kvinnherad HK og Os Håndball samlast i Tysneshallen til trenar 2 kurset.

– Kurset er ei vidareføring av Trenar 1 som en god del av Tysnes IL sine trenarar fullførte i fjor vår. Trener 2-kurset går djupare inn i ein del viktige tema innan område som teknisk trening, taktisk trening, fysisk og skadeførebyggjande trening, samt ein del om trenarrolla og dei verdiane som ligg til grunn for handballaktivitet på ungdomsnivå, opplyser leiar i Tysnes IL Merete Flakke til Tysnesingen.

– Trenar 2 består av totalt 15 modular à fire timar og er eit samarbeid mellom Norges Håndball Forbund (NHF), Tysnes IL og Stord Idrettslag.  Vi håper og trur at dette blir en flott helg med mykje god handballæring og hyggelig samankomst, seier ho.