Tour de Stord

Publisert av:
24/5/2016 19:13

Tour de Stord vart i helga arrangert  av Stord IL-Friidrett  for andre gong. Klubben seier at dei med dette arrangementet ynskjer å sjå kven som er den sterkaste løparen når det er prolog, jaktstart og motbakkeløp over 3 løpsdagar. I klassane senior og junior for menn og kvinner var det beste samanlagt tid for dei tre løpa var vinnarar. Veteran løparane fekk omrekna tidene dei oppnådde i kvart løp ved hjelp av ein faktor i IAAF veterantabellen slik at dei vart jamstilt med seniorklassen.

Fredag 20.mai starta det med prolog på 1,5 km på Heiane. Laurdag 21.mai var det på formiddagen jaktstart i sentrum på 3,2 km, på ettermiddagen vart det avslutta med det 3. løpet som er Stord rett opp. Stord Rett Opp er eit motbakkeløp på 5 km som har ei total stigning på 500 høgdemeter.

Pernilla Epland deltok i kvinneklassen, og vann ein sterk siger over motbakkespesialisten Maryna Novik.

Herreklassen vart vunnen av Thoma Finshus, Jacob Hystad på 2. plass, Geir Skaten på 3. plass og Anders Magnussen på 4. plass.

Resutatliste samanlagt: