Torsdagsturen

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/9/2024 07:52
Denne veka gjekk Torsdagsturen til Gåsavatnet på Flatråker.

At vêret er stabilt vått, legg på ingen måte nokon dempar på turgleda. Vel framme ved vatnet, var det tid for litt mat og drikka. Sjølv om 87 års-jubilanten, Kirsten Nesse, ikkje var med på turen i dag, feira turfølje likevel med kake og bursdagssong.

Naturen byr på fargefest no ut over hausten, og me gler oss til nye turar. Bli med du òg.