To kjempar i tet
2/4/2009 06:43
Det har vore spelt 2 runder sidan siste oppdatering. 2 rundar med mange gode resultat. Det er tydeleg at mange no har bowla ein god del. Det vert fleire og fleire som er stabile på over 100 pinnefall.
17. mars vart den jamnaste kampen som er registrert spelt mellom Umoe Schat Harding 2 og Dalland Bygg/Os maskin. Første serie gjekk til Dalland B med 386 mot 385. Serie 2 gjekk til Umoe 2 med 352 mot 351. Dermed enda kampen 737 – 737. På Umoe 2 spelte May-Lill Helgesen, Jostein Mehl og Fahrr Akyus. På Dalland B spelte Rangvald Kåre Myklestad, Knut Leithe og Sveinung Årskaog.
Av elles gode resultat i desse rundene har me Hildegunn Flakke med 194, Jostein Mehl med 154, Sverre Singelsheim med 156, Knut Leithe med 210 og 162, Nils Eivind Hansen med 163 og Tommy Bjørkelund med 155.
Tysnes kommune rådhuset 2 og Dalland Bygg/Os maskin kjempar framleis om sigeren i denne puljen og ikkje noko er enda avgjort.