Oddvin og Arne (beste brutto) Fredrik og Halvard (beste netto og dagens vinnarar)

Tirsdags-feiden runde 7

Publisert av: May Britt Meland
19/6/2024 21:09

Tirsdag 18. juni vart det spelt Texas Scramble pitch & putt 18 hol, netto slag.

Litt mindre deltaking denne gong grunna kollisjon med andre arrangement, men kjekt med besøk av vår gode venn Arne Strandenes frå Kristtornskogen golf på Stord. Flott runde for oss som stilte til start. Me gjekk klar regnet til me var på siste hol. Gode speleforhold og gode scorar både netto og brutto.

 

 

 

 

Helge Liland med langputt rett i koppen og birdie på hol 13. Vidar fylgjer spent med.

 

Dagens vinnarlag vart Halvard og Fredrik, med 41 slag netto. Dei får kvar sin time i simulatoren. Grattis !

 

Neste tirsdag vert det ny runde i ‘Feiden’, nr 8. På programmet står då 18 hol Pitch & Putt individuelt, netto slag.

Velkomen til start både ‘proff’ og ‘amatør’!

 

Tekst og foto: Tysnes Golfklubb