Publisert av:
8/6/2016 05:18
Tine fotballskule
Me forventer tilstrøyming av nærmere 100 fotballivrige ungar på Reiso desse dagane med mykje ballmoro med vener.
Fotball og lagidrett generelt bidrar til å knyte varige veneband, løre seg fair play og regelverk rundt organisert idrett.
Dei seinare åra har barnefotballen i laget vokse seg til svært mange utøvarar, der Tine fotballskule i saman med trening rett etter skuletid og engasjerte trenarar skal ha mykje av æra.
Me håper på fint vær og ivrige ungar desse dagane.
I tillegg viser foreldre ei stor glede og engasjement rundt ungane deira og er flinke å bidra når noko trengs.
Også på fotballskulen er det behov for hjelp så det er berre å ta kontakt.