Publisert av: May Britt Meland
4/6/2018 18:11
Tilskot til vern av kulturminne 2018
Tysnes kommune er tildelt kr 80 000 i tilskot frå Hordaland fylkeskommune til oppsetjing av Hegglandhusa på Laukhamar v/ eigar av Hegglandhusa, Olav Laukhamar. Laukhamar søkte om kr 100 000 til oppsetjing av bygningane.
Bygningane som er frå 1770 stod tidlegare på Heggland og var bygde saman til eitt hus. Røystova og stabburet som møysommeleg vart demontert, skal no førast opp på Laukhammar av Olav og Hilde Mary Laukhammar.
Prosjektet har også fått midlar frå Tysnes kommune og SMIL-midlar.