Tilskot

Publisert av:
14/5/2012 13:51

Fylkesmannen i Hordaland har gjeve eit statstilskot med kr. 550.000 til ruskonsulent i 100% stilling i 2012. Ubrukte middel frå tidlegare år, kr. 147.026, blir trekt frå beløpet. Utbetaling for 2012 blir kr. 402.974.

Ved telefon til sakshandsamar Frode Andvik hjå Fylkesmannen i Hordaland i dag opplyser han at Tysnes kommune kan påtrekne statstilskot i tilsaman ein 4-års periode, med oppstart ca. 01.04.11 vil det sei fram til 01.04.15.

Dette melder helse- og sosialsjef Einar Aslaksen til Tysnesingen.