Til 8-dels finale

Publisert av:
2/8/2012 08:46

Tysnesingen Aksel Lande spelar for gutelaget til Os 1 i årets Norway Cup.

Og laget han no spelar for gjer det godt på Ekebergsletta og bemerkar seg i A-sluttspelet i verdas største fotballturnering.

I 64-dels finalen vann dei over Askøy 3 etter straffekonk. Deretter vart det siger over Nordstrand i 32-dels finalen.

Torsdag morgon nedsabla dei laget Driv med heile 8-0 i 16-dels finalen. 8-dels finalen går seinare i dag og då skal Os 1 møta eit lag frå Brasil.