Thermolicer
13/10/2014 06:44
På haustseminaret til Tysnes Næringsråd i november i fjor fortalde Kolbjørn Tvedt frå Microman om Thermolicer, maskina han har utvikla i samarbeid med Ocea. Thermolicer nyttar lunka vatn til å fjerne lakselus, ein prosess som vert kalla termisk avlusing. Det var då bygd ein prototyp som vart testa ut i Chile.
Thermoclicer pumpar fisken inn i maskina, sjøvatnet vert silt av og løsna lakselus vert filtrert vekk før laksen går vidare gjennom eit rør med sjøvatn som held 28-32 °C. Fisken passerer det tempererte vatnet i løpet av 25-30 sekund, og endringa i temperatur får lusa til å falle av og truleg døy. Vatnet vert sirkulert og lus filtrert vekk. Temperatur, oksygennivå og PH vert målt automatisk av sensorar. Lufting, tilføring av oksygen og oppvarma vatn skal bidra til at CO2, oksygen og temperatur vert halde på et stabilt nivå.
Etter eit par års tesing i Chile, og med gode resultat over tid, er det no klart for testing av Thermolicer i Norge. Bremnes Seashore som har lokalitetar i totalt 9 kommunar skal no prøve ut avlusninsmetoden. Ein har to maskinar som skal prøvast ut fram til våren 2015. Prosjektet som no vert starta, er eit samarbeid med Veterinærinstituttet og Fiskeri- og havbruksnæringens Forskningsfond.