Irene Dalland med saftige, gode heimelaga pølser. Foto: Privat

Tek turen med kjøt og pølser til bygda di

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/12/2018 08:17

Garden på Dalland pakkar neste veke bilen full i velsmakande varer, og tek turen rundt til bygdene på Tysnes.

Irene Dalland fortel at dei har sett opp ei ettermiddagsrute, slik at kundar kan hente varer i eiga bygd.

Onsdag 19. desember kjem dei kjørande til Reksteren, Uggdal, Onarheim, Lunde og Våge med handlaga pølser av biff/lam, og ferskt grasfôra kjøt av vestlandsk fjordfe .

Oppsette stopp er:
Reksteren, utanfor Bruntveit landhandel kl 16.30
Uggdal, utanfor kommunehuset kl 17.30
Onarheim, utanfor Onartun kl 18.30
Lunde, utanfor bunnpris kl 19.15
Våge, utanfor coop prix kl 20.00

No har du sjansen til å få fatt i den perfekte julegåva til den som har alt, nemleg kortreist mat, seier ei entusiastisk Irene Dalland. -Legg presangen på kjøl eller frys og overrask dine vener/familie med kvalitetsprodukt rett frå bonden! Dersom ein er usikker på kva ein skal velge, kan ein også kjøpa gåvekort!

Les meir om kva du kan kjøpe, prisar og korleis du bestiller her.

 

 

Den etter kvart så kjende pianofjøsen på Tysnes tilbyr deg langtidsmørna storfekjøt av den gamle rasen vestlandsk fjordfe. Anders og Irene fortel at alle dyra er grasfôra og at beitesesongen vert så lenge det lar seg gjere. I dei mørke vintermånadene får dyra ku-lturelle opplevingar i fjøset, av bonden Anders på piano!

Dyra elskar musikk, og dei svarar Anders når han speler. Dyr i hugnad gjer godt kjøt! Kjøt av vestlandsk fjordfe er unikt, med eit fantastisk marmorert kjøt. Nokon kallar fjordfekjøtet for Noregs svar på kobe-biff!

Populære pølser
Tidlegare i sommar starta Irene og Johanne med pølseproduksjon på garden, og det er blitt veldig etterspurd. Irene fortel at dei  lagar to ulike typar grillpølser: ei med biff, salt og pepar og ei med lam (litt storfe i), kvitløk, rosmarin, salt og pepar. Pølsene er mjelkefri og glutenfri.

Les gjerne meir om dei driftige bøndene og pølsemakarane på www.gardenpaadalland.no

 

Irene, Anders og Johanne på Garden på Dalland vil nytta høvet til å ynskje alle ei Riktig god førjulstid!