Publisert av: Martha Nygård Lande
19/10/2019 15:00
Tapte 2-4 i siste kampen
Fredag kveld spelte Njardar/Tysnes siste kampen denne sesongen, mot Viggo.
Det var på førehand avgjort at dei vil rykke ned igjen i 7. divisjon, så det var ikkje alt for viktig å vinne denne kampen, men laget jobba godt, og det er alltid kjekt å vinna på heimebane.
Alexander Gjerstad Kleppe og Lasse Skulstad scora dei to måla til Njardar.
Laget har denne sesongen vore prega av at dei har hatt mange spelarar ute med skade, og i tillegg har dei litt for liten stall, men yngre gutar har fått prøvd seg, og vist at rekrutteringa er god.
Tysnesingen takkar for god underholdning denne sesongen, og ynskjer Njardar/Tysnes lykke til i neste sesong.