Publisert av:
28/4/2011 18:48
Tap og siger for G99
Før påske var laget til Fusa og spelte mot Venjar der dei tapte 3 – 5. Skilnaden på laga var at Venjar fekk mål på sjansane medan Njardar sløste vekk eit par store sjansar.
I denne veka hadde Njardar heimekamp mot Søre Neset. Denne gonge gjekk det betre, og sluttresultatet vart 7 – 4. I periodar var det bra spel og god innsats. Søre Neset fekk det første målet, men ved pause leia Njardar 4 – 1. Erik Enes 2, Alf Inge Stue 2, Sondre Flygansvær, Håkon Knudsen og Ludvik Dalland laga måla.
I tillegg var desse med: Martin Bakke, Henrik Epland, Jakob Lande, Benjamin Tho, Robert Støle, Øyvind Kleppe, Olai Hollekim, Ricard Wathne, Thomas Hjelland