Tap mot Kvinnherad

Publisert av:
20/2/2011 19:21

Tysnes Idrettslag sine handballjenter 14 hadde ikkje noko å stilla opp med mot Kvinnherad i handballkampen i Tysneshallen i dag.

Til pause var skilnaden fem mål, men etter pausen drog kvinnheringane i frå enno meir. Tysnes fekk inn nokre mål mot slutten av kampen, men måtte til slutt sjå seg slått med 10-26.

Desse var med: Gunnhild Fauske, Kari Andersen (1), Renate Frugård, Elisabeth Ebbesvik, Anne Marie Kleppe, Isabell Instøy (3), Anna Nikolaisen, Cecilie Hauge Hansen (3), Anna Dorthea Espevik (2), Martine S. Lunde, Ina Borlaug (1).