Tap i opninga
12/9/2010 17:42
Den nye sesongen for handball har starta og i dag hadde Tysnes IL sitt damelag sin fyrste heimekamp. Der vart det tap for Knarvik med 19-23.
Gjestane låg i god leiing i 1.omgong, men Tysnes-damene skjerpa seg og tok innpå og låg berre nokre få mål bak til pause.
Starten på 2.omgong var noko lik. Knarvik leia med fleire mål før Tysnes knappa den ned att. Då raudtrøyene hadde redusert til berre å liggja to mål bak, brann dei to straffer, og klarte dermed ikkje få heilt taket på Knarvik som dermed utnytta eit par kontringar og drog i frå inn mot sluttsignalet.
Desse var med: Therese Kleppe, Silje Helland (5), Marion Brungot (3), Pernilla Epland (2), Ingunn Martinsen (4), Sara Elisabeth Stue (4), Ida Meland, Hilde Anette Ebbesvik, Maria Haaland, Hege Flornes (1), Janne Lande, Evelyn Haugland.