Tap for Stord

Publisert av:
9/1/2011 09:02

Tysnes jenter 14 tapte heile 25-6 for Stord laurdag i Tysneshallen.

Likevel spelte dei truleg sin beste kamp for sesongen, sjølv om resultatet viser noko anna.

– Det var ein periode i kampen at me berre hadde tre utespelarar på banen, fordi me fekk tre spelarar utvist samstundes, fortel assistent trenar Terje Instøy til Tysnesingen.

– Laget har i alle fall tatt eit stort skritt i rett retning når det gjeld forsvarsspel, der dei har blitt tøffare, seier Instøy. I tillegg til utvisningane, fekk dei også eit gult kort.

Målscorarar for Tysnes var: Cecilie Fagerbakk Hauge Hansen, Martine Lunde, Anna Dortea Espevik, Anne Marie Kleppe og Renate Frugård.