Tap for dei eldste

Publisert av:
13/5/2012 20:21

A-laget møtte Galgen på Reiso søndag ettermiddag. Gjestane var det klart beste laget dei første 45 minuttane og i god medvind ordna dei tre mål før pause. I 2.omgong heva Njardar seg ein del, men klarte ikkje få ballen i mål. Dermed enda det med 0-3 tap.

Damelaget var til Bergen i dag og møtte Apollo. Også dei fekk ein tung dag, og damene måtte reisa heim att til Tysnes med 0-4 tap.