Takkehelsing
22/6/2012 09:39
Me vil få takke alle som var med på å gjere dagen vår, den 16.06.12, til ein heilt fantastisk dag. Me vil særleg takke Yvonne Flatråker for brudepynten ho gjorde, Janicke Dalland for utforminga av ein flott brudebukett, og Grete Johanne/Kari Tysnes for vakker pynting i kyrkja.
Me vil også få takke musikklaget, bruda sin far og Stine Larsen/ Ola Håkon Svendsen for vakre musikkinnslag i kyrkja, Bjørn Inge Leite for transport av brudeparet, Trond Fauske og Ragnhild Dalland for eit utsøkt måltid, og alle servitørane som gjorde ein kjempeinnsats under bryllaupsfesten.
Til slutt vil me få takke viseverten, Vegard Aslaksen, for ein suveren jobb under heile dagen, bartenderane våre, Oddvar Sunde og Olav Skjervheim, for godt humør og god service, spelemannen vår, Nedko Stefanov, for god musikk, og fotografen vår, Christin Eide, som gjorde ein heilt fantastisk jobb med bilettakinga.
Helsing frå Elin og Jonny