Takka nei til vidare drift av Tysnes-ruta

Publisert av:
19/1/2013 10:50
På våren 2012 blei nesten alle hurtigbåtrutene i Hordaland lagt ut på anbod for oppstart 2014. Tysnes-ruta var slått saman med Rosendal-Bergen-ruta og turistruta frå Norheimsund med oppstart i 2013. 
– Anbodskriteria med å slå saman fleire ruter gjer det umogleg for små reiarar å delta med tilbod. Dette fører igjen til dyrere ruter, då dei som bur lokalt og har lettare for å driva små ruter rimeleg i praksis blir utestengt frå anbodsrunden. Seier kaptein Ole Bjarne Strønen, som ved sida av å drifta Strønen Båtservice jobbar som boresjef i Nordsjøen. 
– Det har vore nokre fine år, saman med høflege og greie ungdomar. Men med endra rute er det, sånn eg ser det, vanskelig å driva videre, med mindre ein bur på Tysnes. Å få mannskap til denne ruta er heller inga enkel  sak,
Til slutt i saka, vil han avslutta med å takka alle som har reist med Strønen Båtservice
Dette meldar midtsiden.no, heile saka kan du lesa ved å klikka her.