Takk

Publisert av:
3/1/2010 12:40

Takk til eldsjelene i Opdal Ungdomslag for festen som vart arrangert i går.

Ting skjer ikkje av seg sjølv, nokon må dra det i gang. Me som var på festen er glade for  at nokon vil bruka tid og krefter på fellesskapet.

Me vil takka dei som stod på for å få  i gang denne festen, der pengane som kom inn går til nytt lydanlegg. Me vil òg takka dei som ikkje er  ”den harde kjerne”  i ungdomslaget, men som var med og gjorde sitt til at det vart ein vellukka kveld.

Helsing

me som var der