Syria som tema
24/10/2016 07:28
Onsdag 26. oktober kl. 11 vil Emil André Erstad i dialog med Svein Olav Langåker samtale om boka «Farvel, Syria. Om eit folk på flukt» på Tysnes folkebibliotek. Dette er eit brennaktuelt tema og interessant om syriske flyktningar, ikkje minst med tanke på TV-aksjonen, som i år gjeld Raudekrossen sitt arbeid for flyktningar m.a. i Syria.
Fem år har gått sidan krigen i Syria braut ut, og har ført til det me snakkar om som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta. Emil André Erstad har reist til Midtausten og snakka med religiøse minoritetar, einslege kvinner, homofile og opposisjonelle. Mange av desse kan ikkje få trygge liv i nærområda– i land som Tyrkia, Libanon og Jordan. Korleis kan verdssamfunnet best stille opp for flyktningane?

Emil André Erstad f. 1991 er tidligare leiar i KrFU og rådgjevar for internasjonale spørsmål i tankesmia Agenda. Han er engasjert i humanitære spørsmål og utviklingspolitikk og drøymar om ei rettferdig verd. Hausten 2016 byrja han i jobben som rådgjevar for Knut Arild Hareide.
Svein Olav Langåker er m.a. journalist og redaktør av framtida.no.
Arrangementet er gratis og ope for alle som er interesserte.
Arrangørar Tysnes folkebibliotek og Framtida.no med tilskot frå Nasjonalbiblioteket.