Publisert av: May Britt Meland
19/2/2020 19:18
Synte fram dei nye lokala
Etter lang tids planlegging opna det nye veterinærkontoret i Uggdal. Veterinærane Kristin Semb Gjerde, Martin Aarseth og Irene Borge inviterte til open dag mandag 17. februar. Frå kl 11 og utover dagen strøymde det til med folk som fekk omvisning i dei nye og flotte lokala i det gamle bankbygget i Uggdal.
Røntgenrom
Allsidige veterinærar for kjæledyr og produksjonsdyr.
-Vi er mykje ute og praktiserer på produksjondyr, men tek imot hund og katt på timebestilling.
Ring 970 84 498 for avtale.

