Syng med oss

Publisert av:
3/4/2014 06:20

Gjennom vinteren har koret øvd inn eit  fint program. Ikkje minst kan publikum gle seg til ei spennande urframføring av ”Breistølsheia”.  Teksten til den er skriven av Jens Tvedt, eit av dei mange dikta han skreiv. Melodien er det son hans, Kolbjørn Tvedt, som er meister for.

Lokalt og nært

I koret har det vore eit ynskje om å framføra noko av Jens Tvedt, og då Kolbjørn i fjor  fekk spørsmål om å arrangera  noko frå faren si rikhaldige og flotte samling av dikt, tok han utfordringa. Valet fall på ”Breistølsheia”, som er eit område ikkje så langt frå Ådnastegen.  Denne søndagen får ein difor høyra dette korarrangementet for aller fyrste gong. Eit lokalt innslag av aller beste sort. For koret har det vore både utviklande og kjekt å øva inn ”Breistølsheia” gjennom vinteren.

Artist frå Os

Frå nyttår av har kammerkoret hatt Tone Lise Moberg  som dirigent. Ho har teke over etter Espen Selvik, som for tida bur og jobbar i Gulen. Den store avstanden dit  gjorde det vanskeleg og tidkrevjande å reisa til/frå Tysnes.

Tone Lise Moberg er frå Os. Ho har ei solid musikalsk utdanning og erfaring, både som eigen songartist og som songpedagog. Ho er høgskulelærar/øvingslærar knytt til Griegakademiet – Institutt for musikk, og har vore aktiv i ulike musikkmiljø.

På Google kan ein lesa at ho er éin av dei mest profilerte jazzsongarane på Vestlandet. I 2006 gav ho ut plata ”Looking on” og fekk mange gode meldingar på den både lokalt og nasjonalt.

På ”Syng med oss”-arrangementet får publikum høyra henne syngja med tonefylgje frå Tore Hodneland på gitar. Han har markert seg som  ein svært dyktig gitarist, og han skal i tillegg framføra musikk åleine. Det er berre å gle seg.

På programmet i  ungdomshuset  denne ettermiddagen  står elles allsong, åresal med mange fine gevinstar og det blir kaffistund med mykje godt attåt. Dette bør mange få med seg. 

Tekst: Hans Ole Dalland